Lør
Kraftig regn
Nedbør: 20.8 mm
Vind: Frisk bris fra Søraust 8.3 m/s 
Trykk: 1000.7
Dato: 10.11.2018
Søn
Regn
Nedbør: 2.4 mm
Vind: Lett bris fra Sør-søraust 4.4 m/s 
Trykk: 1002.0
Dato: 11.11.2018
10°
Man
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Søraust 3.1 m/s 
Trykk: 1011.0
Dato: 12.11.2018
10°
Tirs
Regnbyer
Nedbør: 2.5 mm
Vind: Lett bris fra Sør-sørvest 3.9 m/s 
Trykk: 1007.2
Dato: 13.11.2018
Ons
Kraftig regn
Nedbør: 6.5 mm
Vind: Lett bris fra Sør-sørvest 4.7 m/s 
Trykk: 1015.1
Dato: 14.11.2018
10°
Lund StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailBoligLeieTorgetJobbOm Lund

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Agder Flekkefjords Tidende
Finn Lund
Jobb Lund
Leie Lund
Lund Kommune
NRK Rogaland
Rogalands Avis
Torget Lund

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Måtte ha hjelp ned frå fjelletNRK Sogn og Fjordane
Ei kvinne i 60-åra måtte i går kveld få hjelp ned frå Hatlesetnipa i Flora. Kvinna hadde fått skade i ein fot og fann ikkje vegen ned igjen frå fjellet, fortel Arve Samsonsen, som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt. Kvinna måtte hentast med båre, og fekk seinare behandling på legevakta seier Samsonsen.
2018-11-10 08:34:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Milliardkontrakt til Fjord1NRK Sogn og Fjordane
Fjord1 har vunne ferjekontraktar til ein verdi av meir enn 2 milliardar kroner på Sunnmøre, det skriv Firda. Dette er samband vi allereie driftar i dag, så det er kjekt å vinne dei att, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland til avisa. Ferjeselskapet konkurrerte mellom anna med Norled om kontraktane. Totalt er det 12 ferjer som skal drifte dei fire sambanda. Av dei er to elektriske.
2018-11-09 22:40:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Finn ikkje vegen ned frå fjelletNRK Sogn og Fjordane
Raudekrossen og Norske redningshundar held saman med politiet på med å hjelpe ei kvinne ned frå Hatlesetnipa i Florø. Ho har skada ein fot, og finn ikkje vegen ned frå fjellet sjølv, skriv politiet på Twitter.
2018-11-09 20:22:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tviler på kuttforslagaNRK Sogn og Fjordane
Rådmann i Jølster tviler på at kuttforslaga som politikarane i kommunen har foreslått for å finansiere ein fotballhall på Skei og ein på Vassenden er realistiske, det skriv Firda. ? Eg er og bekymra med tanke på at innstrammingane vil gå ut over tilsette, trivsel, sjukefråvær og evna til å yte maksimalt, seier rådmannen ifølgje avisa.
2018-11-09 18:51:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To mista lappenNRK Sogn og Fjordane
To personar mista lappen i ei 50-sone i Innvik etter ein kontroll fredag. Det skriv Firda. Dei vart målt til høvesvis 76- og 80 km/t. Fem fekk forenkla førelegg og ein fekk bot for bruk av mobiltelefon.
2018-11-09 14:56:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Pengar til unge kunstnararNRK Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane fylkeskommune delar i år ut fire arbeidsstipend og tre stipend til unge kunstnarar i etableringsfasen. Dei som tek imot arbeidsstipend er Arnfinn Kolerud, Reidun Rose Vinda og Lillian Samdal, som får for to forskjellige prosjekt. Dei som tek imot stipend til unge kunstnarar er Eline Kristiansen Brun, Siri Linn Brandsøy, og Ådne Dyrnesli.
2018-11-09 13:04:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde i rusa tilstandNRK Sogn og Fjordane
Ei kvinne i slutten av 60-åra frå Sogn er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til 18 dagar i fengsel for å ha køyrd i rusa tilstand utan førarkort i Bergen i juli i år. Kvinna mistar førarkortet i to år og må betale ei bot på 15.000 kroner. Ho vedtok dommen.
2018-11-09 10:57:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ikkje slå saman skularNRK Sogn og Fjordane
Elevrådsleiar Marcus Våge ved Eid vgs. tykkjer ikkje det er ein god ide med felles rektor og administrasjon for dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord. Eid-ordførar Alfred Bjørlo meiner fjernundervisning ville ha fungert fint for dei fire skulane. Elevrådsleiar Våge er ikkje samd.
2018-11-09 09:14:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dødsårsak ikkje klarNRK Sogn og Fjordane
Ein førebels obduksjonsrapport kan ikkje slå fast at brann i varmeteppet var årsaka til at ei 97 år gamle kvinne døydde. Det skriv Porten.no. Det er gjort funn av røyk i lungene til kvinna, men ho var òg alvorleg sjuk. Ein endeleg obduksjonsrapport er venta i løpet av nokre veker.
2018-11-09 07:17:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tjuveri i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Politiet har pågripe to personar, mistenkte for å stole ein påhengsmotor i Førde sentrum. Ein meldar seier han såg dei to med tjuvgodset i ei handlevagn. Politiet rykka ut, og både handlevagn og påhengsmotor er funne. Dei to mennene er kjenningar av politiet og blir avhøyrte.
2018-11-09 05:31:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Imponerte stortNRK Sogn og Fjordane
Førde Volleyball vann i kveld 3?0 over Novator KHMELNYTSKYI frå Ukraina. Kampen gjekk i Førdehuset og settsiffera vart 25?23, 25?22 og 25?23 til Førde.
2018-11-08 22:56:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sogndal G19 finaleklareNRK Sogn og Fjordane
Sogndal G19 er klare for NM-finale. Det skjedde ikkje utan dramatikk. Det måtte både ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse til for å avgjere semifinalen mot Viking. 1. desember møter Sogndal Rosenborg i G19-finalen.
2018-11-08 20:24:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna for trafikkNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 8 ved Åkre i Høyanger er opna for trafikk igjen. Det opplyser Vegtrafikksentralen. Vegen vart stengt førre laurdag etter et ras på staden.
2018-11-08 17:14:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må i retten etter køyreturNRK Sogn og Fjordane
Ein ung mann frå Eid må møte i retten etter at han vart teken i 180 km/t på ein køyretur i Hornindal i fjor, skriv Sunnmørsposten. Den unge nordfjordingen er tiltalt for fleire forhold. Saka kjem opp i Sogn og Fjordane tingrett i januar, og det er sett av to dagar til saka.
2018-11-08 12:56:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rognsø gir segNRK Sogn og Fjordane
Terje Rognsø gir seg som trenar i Florø Fotball. Han seier det ikkje har noko med at laget i år rykte ned frå Obosligaen, skriv Firdaposten. ? Det er ein kombinasjon av at eg ikkje lenger har ein sivil jobb og at eg kjenner på kroppen at eg treng ein pause.
2018-11-08 12:18:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Første nasjonale industriklyngeNRK Sogn og Fjordane
Torsdag offentleggjorde Innovasjon Norge at Maritim Foreining Sogn og Fjordane får støtte til Arena-klynga: Ocean Hyway Cluster. Klynga skal femne om bedrifter som er kopla opp mot hydrogenbruk i dei havbaserte næringane. Hensikta med satsinga er å sikre at Noreg blir leiande i verda på bruk av hydrogen som energiberar, skriv dei i ei pressemelding.
2018-11-08 11:59:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny sokneprest i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Bispedømerådet i Bjørgvin har tilsett Ingvald Andersen Frøyen som ny sokneprest i Førde. Han kjem frå stillinga som rådgjevar i Det Norske Misjonsselskap. Stillinga hadde fire søkarar. Frøyen tek over stillinga etter Kåre Bratten, om gjekk over i stilling som seniorprest, skriv Firda.no.
2018-11-08 11:53:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Snart tiltale i knivstikkingssakNRK Sogn og Fjordane
Politiet er snart ferdige med å etterforska knivstikkinga som skjedde i Sogn i september, skriv Porten.no. Det var ein son som i slutten av september knivstakk si eiga mor. Det blir truleg teke ut tiltale snart, seier politiet til nettavisa. Mannen sit framleis i varetekt, fram til 19. november.
2018-11-08 11:20:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Søknadsauke etter avlingssviktNRK Sogn og Fjordane
Det har vore ein massiv søknadsauke etter avlingssvikt i Luster, skriv Sogn avis. 49 søknadar har blitt registrert. Normalt kjem det rundt fem stykk. Det er den ekstraordinære varme og tørre sommaren som er årsaka.
2018-11-08 11:16:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil av vegen i FjalerNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt av fylkesveg 57 mellom Dale og Osen. Politiet opplyser at føraren ser ut til å ha kome frå det utan personlege skader. Bilen stod ein periode litt ut i vegbana, men er borte no.
2018-11-08 10:10:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkuhell i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Ein moped har køyrt inn i ein parkert bil på Angedalsvegen, nær krysset til Grovene. Ingen av partane var der då politiet kom til staden. Ingen vart rapportert skadde, men ein person vert frakta til sjukehus, det fortel politiet.
2018-11-08 09:08:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ap med pengar til skipstunnelNRK Sogn og Fjordane
Ap løyver 30 mill. kr i statsbudsjettet, for å sikre at prosjektet Stad skipstunnel ikkje stoppar opp. ? Hurtigbåtruta på kysten er ei viktig transportåre. Arbeidarpartiet har lagt inn midlar til at Kystverket no kan ferdigstille planane. No vil vi sjå tunnelen bygd, seier Botten i ei pressemelding.
2018-11-08 08:05:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Åtvarar mot glatt vegNRK Sogn og Fjordane
Ein tipsar oppmodar trafikantar til å køyre forsiktig på fylkesveg 152. Det gjeld særleg utanfor Fjærlandstunnelen på Fjærlandsida. Det er snakk om store temperaturskifte på kort avstand, slik at ein bør vera på vakt.
2018-11-08 07:39:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Flora vann årets lokale klimatiltakNRK Sogn og Fjordane
Flora kommune vann tittelen "årets lokale klimatiltak 2018". Dette for prosjektet dei jobbar med for å få på plass ein utsleppsfri hurtigbåt. Den 30 meter lange, hydrogendrivne passasjerbåten håpar dei å kunne ta i bruk i 2022. Prisen fekk dei på Zerokonferansen onsdag. Konkurransen vert arrangert for å skape merksemd rundt gode klimaløysingar i kommunesektoren.
2018-11-08 07:31:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

KrF satsar vidare på skipstunnelenNRK Sogn og Fjordane
KrF gjev ikkje opp Stad skipstunnel. Partiet legg inn 30 millionar kroner til vidare planlegging av skipstunnelen for 2019 i sitt alternative statsbudsjett. Stein Robert Osdal (KrF), ordførar i Selje kommune, håpar regjeringspartia skal fylgje opp dette.
2018-11-08 06:29:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

For få prestarNRK Sogn og Fjordane
For få utdannar seg til å bli prest, og derfor er det no prestemangel fleire stader i Bjørgvin. Eid er ein av stadane som merkar problemet. Her er soknepreststillinga lyst ut for femte gong.
2018-11-08 05:39:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen kl 22:55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Marte Rommetveit
2018-11-07 22:55:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Eksporterer kjøt til OmanNRK Sogn og Fjordane
Eit overskot av sauekjøt gjer at Nortura sitt dotterselskap, Noridane, no set i gang eksport til Oman. Det skriv Landbruk24. Styreleiar Trine Hasvang Vaag i Nortura seier at bedrifta ikkje går stort i minus på Oman-eksporten. Årsaka er at dei ikkje klarer å selje alt dei har av sauekjøt i den norske marknaden.
2018-11-07 21:23:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen kl 20:55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Marte Rommetveit
2018-11-07 20:53:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tullar med skrantesjukaNRK Sogn og Fjordane
Sjå første episode av NRK si nye humorserie «Latterlig smart», som er spelt inn i Lærdal. Der skal komikar Siri Kristiansen lage standup om skrantesjuka, og presentere den for lærdølane. Sjukdommen gjorde at ein heil villreinstamme måtte utryddast i Nordfjella. Florøværing Solveig Hareide er dessutan med i produksjonen.
2018-11-07 20:17:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Berre fire kvinner i inntektstoppenNRK Sogn og Fjordane
Berre fire kvinner har fått plass blant topp 30 på inntektslistene til Sogn og Fjordane. Det viser førebelse skattetal frå Skattedirektoratet for året 2017. Den første kvinna på lista finn ein først på sjuandeplass. Den danske legen Jesper Melin Ganc-Petersen toppar lista. Bedriftene hans tener mellom anna pengar på betalingsautomatar i helsevesenet.
2018-11-07 19:32:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen kl 18:50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Marte Rommetveit
2018-11-07 18:43:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil bli ordførar i GloppenNRK Sogn og Fjordane
Etter femti år med Senterparti-ordførar vil no Arnar Kvernevik bli den første Arbeidarparti-ordføraren i Gloppen, skriv Firda Tidend. Han er samrøystes valt som listetopp i kommunen. 62 år gamle Kvernevik er i dag Arbeidarpartiet sin representant i formannskapet i Gloppen. Monica Grov står på andreplassen på lista.
2018-11-07 17:55:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nattestengt i OppljostunnelenNRK Sogn og Fjordane
Grunna vedlikehald må Oppljostunnelen på riksveg 15 over Strynefjellet stenge tre timar i natt frå klokka 00.30 til 03.30. Det er ingen moglegheiter for omkøyring her. Vegen over Strynefjellet blir ikkje stengd, men Statens vegvesen oppmodar folk om å velje andre ruter i timane etter midnatt.
2018-11-07 16:48:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ordførar-son vil bli ordførarNRK Sogn og Fjordane
Paul Jacob Helgesen frå Selje er innstilt som ordførarkandidat for Stad Senterparti. Helgesen har erfaring frå fylkestinget og kommunestyret. Han er dessutan son av tidlegare KrF-ordførar i Selje, Gunn Helgesen. På andreplass finn vi varaordførar i Selje, Gunn Sande (t.h.), medan Betty Hessevik (t.v.) frå Bryggja har tredjeplassen. Fylkesleiar Sigurd Reksnes frå Nordfjordeid er ikkje å finne på lista.
2018-11-07 16:20:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blir Brann-spelar i eitt år tilNRK Sogn og Fjordane
Azar Karadas frå Eid har signert ny kontrakt for Brann. Sportssjef i Brann, Rune Soltvedt, seier til klubben sine nettsider at 37-åringen har fortent plassen, og meiner at veteranen kan bidra på laget også i 2019. Karadas har eit år utan kampar frå start i serien bak seg, men seier han er topp motivert for å spele fotball.
2018-11-07 13:45:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Berga ut frå bil i sjøenNRK Sogn og Fjordane
Ein person er berga i land etter at ein bil hamna i sjøen ved Amfi i Florø. Føraren var åleine i bilen, opplyser politiet på Twitter. Vedkommande blir sjekka ut av ambulansepersonell. Bilen har gått ned.
2018-11-07 10:46:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stogga promilleførar på skulevegNRK Sogn og Fjordane
Ein person er mistenkt for promillekøyring etter ein kontroll i Hornnesvegen i Førde. 30 bilførarar vart kontrollerte. To fekk mangellapp, medan to må betale fordi dei ikkje hadde med seg førarkort. Ein bilførar hadde ikkje førarkort i det heile.
2018-11-07 10:32:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber om meir pengarNRK Sogn og Fjordane
IT-forum Sogn og Fjordane ber om meir pengar til breibandutbygging, skriv Sogn Avis. IT-forum reagerer på at regjeringa sitt statsbudsjettframlegg inneheld ei nedskjering av løyvinga til utbygging av breiband. Det vil føre til at det tek lengre tid å gje innbyggjarar i distrikta eit fullgodt breibandalternativ, skriv IT-forum.
2018-11-07 10:16:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vann prisNRK Sogn og Fjordane
Hydro Høyanger har blitt kåra til årets norske Lean-verksemd. Prisen går til bedrifter som særleg utmerker seg og skaper verdiar gjennom innovasjon og stadig forbetring. Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen delte ut prisen i går kveld.
2018-11-07 05:34:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen kl 22:55NRK Sogn og Fjordane
Programle
2018-11-06 22:52:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde av vegen på glattaNRK Sogn og Fjordane
Ei kvinne i 70-åra er lettare skadd etter at bilen ho køyrde kom utfor vegen og krasja i eit tre ved Sygna i Gaular kommune. Politiet opplyser at det er store materielle skadar på bilen og at det er ekstremt glatt på staden.
2018-11-06 21:09:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandserevyen kl 20:55NRK Sogn og Fjordane
Programle
2018-11-06 20:58:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Manglar fleire hundre rundballarNRK Sogn og Fjordane
Nærmare 400 rundballar vart tekne av flaumen i Fortunsdalen og Mørkridsdalen i Luster. Det har bøndene og leiaren i Luster bondelag, Andreas Wiese, no rekna seg fram til. I tillegg er det mange rundballar som har stått i vatn som bøndene ikkje veit om er øydelagt før dei startar med fôringa til våren.
2018-11-06 20:23:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre på landslagetNRK Sogn og Fjordane
Tre Sogndal-spelarar er tatt ut i U21-landslagstroppen til Leif Gunnar Smerud. Det skriv fotballforbundet på sine heimesider. Spelarane det gjeldt er Kjetil Haug, Ulrik Fredriksen og Tomas Totland. Laget skal samlast på La Manga og blant anna spele treningskamp mot Tyrkia. Totland og Fredriksen har tidlegare vore på U19-landslaget, men er no tatt opp i den nye U21-troppen.
2018-11-06 19:40:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen kl 18:50NRK Sogn og Fjordane
Programle
2018-11-06 18:52:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tok to elevar for narkotikabrukNRK Sogn og Fjordane
To elevar ved Flora vidaregåande skule vart tatt inn av politiet for narkotikabruk då politiet skulle ha informasjonsmøte på skulen. Det skriv Bergens Tidende. Politiet var på skulen for å informera om kva konsekvensar bruk og oppbevaring av narkotika kan han. Under besøket markerte narkohundane på to elevar som ikkje hadde narkotika på seg, men som erkjende å ha brukt det.
2018-11-06 16:52:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tidlegare ferdig med vegarbeidNRK Sogn og Fjordane
Arbeidet ved Hundsåna på fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll er ferdig tidlegare enn forventa. I kveld klokka 19 vert arbeidet avslutta og vegen vert opna for fri ferdsel. Etter planen skulle arbeidet halde fram til og med torsdag.
2018-11-06 16:03:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde åtte mil i fyllaNRK Sogn og Fjordane
Ein sogning i tjueåra er dømd til fengsel i 30 dagar etter at han i september køyrde over åtte mil med ein promille på 1,6. Turen enda i grøfta. Mannen må klare seg to år og fem månadar utan førarkort. Han må også betale 25.000 kroner i bot.
2018-11-06 13:43:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde-jente reserve for landslagetNRK Sogn og Fjordane
Handballspelaren Oda Vindheim frå Førde er reserve til juniorlandslaget si neste landslagssamling 20. - 25. november. Laget skal spele to kampar mot Spania i same periode. Handballforbundet har teke ut 18 spelarar i troppen, samt 13 reservar.
2018-11-06 11:25:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vart målt til 154 km/t i tunnelenNRK Sogn og Fjordane
Sunnfjordingen i 20-åra blei målt til 154 km/t i snitt i 80-sona gjennom Bogstunnelen i Høyanger i april. No er mannen dømd til fengsel i 21 dagar. Han må også klare seg 20 månader utan førarkort.
2018-11-06 10:26:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Åtvarar mot glatt vegNRK Sogn og Fjordane
Ein bilist oppmodar trafikkantar om å ta det med ro på fylksveg 55 mellom Aarøy og Hafslo i Luster. Det er truleg tale om underkjølt regn.
2018-11-06 08:51:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Firma meld for brot på kviletidaNRK Sogn og Fjordane
Tre førarar og eit firma vart melde for brot på køyre- og kviletida under ein kontroll på Håbakken i Lærdal i går. Firmaet blir meldt då føraren tok vekekvil på ferja mellom Latvia og Sverige. Ein førar fekk pålegg om ny døgnkvil på staden. 12 køyretøy var inne til utvida kontroll.
2018-11-06 08:05:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Normal drift attNRK Sogn og Fjordane
Det er normal drift att på ferjesambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes, melder Statens vegvesenet. Sambandet har vore ute av drift på grunn av tekniske problem.
2018-11-06 06:54:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Problem på ferjesambandNRK Sogn og Fjordane
Ferjestrekningen Dragsvik-Hella-Vangsnes er innstilt inntil vidare på grunn av tekniske problem, melder Statens vegvesen på Twitter.
2018-11-06 05:57:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Håper på meir nynorskNRK Sogn og Fjordane
? Med KrF i regjering ser vi fram til ein enda meir nynorskvennleg politikk, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag. Utdanningsdirektoratet har greidd ut språkdelt ungdomsskule etter oppdrag frå eit samrøystes storting i 2016. Aasbrenn håper KrF sikrar nynorskelevane rett til opplæring på nynorsk ut heile grunnskulen, dersom dei kjem i regjering.
2018-11-06 05:27:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gir millionar til fotballhallNRK Sogn og Fjordane
Vågsøy kommune sett av 6,2 millionar kroner i tilskot til bygging av fotballhall i Florø, skriv Fjordenes Tidende. Vågsøy går inn med pengar for at hallen skal få status som interkommunalt anlegg. På den måten vil bygginga av hallen kunne eit større tilskot i for av spelemidlar.
2018-11-06 05:24:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Jan Børge Leirvik
2018-11-05 21:44:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre dyr døydde under transportNRK Sogn og Fjordane
To sauar og eitt lam døydde då ein dyretransport køyrde i grøfta på fylkesveg 615 ved Nesholmen i Gloppen i føremiddag. Det skriv Firda. Ingen personar vart skadd i ulukka.
2018-11-05 21:42:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Jan Børge Leirvik
2018-11-05 20:04:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tatt med promilleNRK Sogn og Fjordane
Ei kvinne frå Sogn i slutten av 60-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til 18 dagar i fengsel for å ha køyrt i rusa tilstand utan førarkort i Bergen i juli i år. Kvinna mistar førarkortet i to år og må betale ein bot på 15 000 kroner.
2018-11-05 18:59:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må kutte fem millionar i budsjettetNRK Sogn og Fjordane
Gloppen kommune må fram med sparekniven for neste års budsjett. Det skriv avisa Firda. Totalt er det snakk om eit kutt på om lag fem millionar kroner og årsaka er færre flyktningar og høgare renter og avdrag på lån.
2018-11-05 16:17:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tidenes beste eksport-månadNRK Sogn og Fjordane
Oktober var den beste månaden for eksport av norsk sjømat nokosinne. Det viser tal frå Norges sjømatråd. Noreg eksporterte 251.000 tonn sjømat i oktober til ein verdi av nesten 10 milliardar kroner. Volumet fall med 12 prosent, medan verdien steig med 10 prosent i forhold til i fjor.
2018-11-05 16:15:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dyretransport hamna i grøftaNRK Sogn og Fjordane
Ein dyretransport har køyrt i grøfta på fylkesveg 615 ved Nesholmen i Gloppen. Politiet opplyser på Twitter at det er dyr i bilen. Det skal ikkje vere personskade. Bilbergar er på veg. Det same er også politiet.
2018-11-05 11:36:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nattestengjer fylkesvegNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 60 mellom Byrkjelo og Stryn blir stengd natt til tysdag og natt til onsdag denne veka. Årsaka er skifte av stikkrenner under vegen aust for Utvik. Vegen blir stengd mellom klokka 2215 og 0600. Omkøyring blir via E39 om Nordfjordeid og riksveg 15 om Markane og Stryn.
2018-11-05 08:05:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har grep på Allsvenskan-bronseNRK Sogn og Fjordane
Det går mot ei spanande serieavslutning i svensk fotball for Mats Solheim. Stryningen kom inn som innbyttar då Hammarby slo Häcken 1-0 søndag. I siste serierunde møter dei Östersund, medan Malmö, på fjerdeplass med to poeng mindre, møter Elfsborg.
2018-11-05 07:25:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kan få sjukepleieutdanningNRK Sogn og Fjordane
Nordfjord kommune kan få tilbod om desentralisert sjukepleieutdanning frå hausten 2019, skriv Fjordabladet. Studieplassane er ein del av Høgskulen på Vestlandet. Utdanninga er ei vidareutdanning og er eit tilbod til dei tilsette i kommunane som ønskjer det i kombinasjon med jobb.
2018-11-05 06:16:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stal frå tilsette-kontoNRK Sogn og Fjordane
Ein tilsett ved ein omsorgsinstitusjon i fylket er bøtelagd med 12.000 kroner. I løpet av vel eitt år brukte mannen i 50-åra til saman 32.000 kroner av trivselskontoen som han disponerte for kommunen. 15.000 vart betalt tilbake då saka vart oppdaga. Mannen har godteke bota.
2018-11-05 05:46:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Siger for Førde handballNRK Sogn og Fjordane
Handballdamene til Førde vann 30?23 over Viking TIF borte i Haukelandshallen. Dermed ligg dei på ein niandeplass på tabellen, rett over streken.
2018-11-04 18:56:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

VM-debut stod til gullNRK Sogn og Fjordane
Undredal stølsysteri fekk gullmedalje for sin kvite geitost, Eldgamal, under oste-VM i Bergen i helga. ? Det var heilt vanvettig moro, seier Anna Karine Marstein, dagleg leiar av ysteriet, og torgkone under verdsmeisterskapen. Dette var første gongen Undredal stilte i VM.
2018-11-04 18:20:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Storeslem i vektløftingNRK Sogn og Fjordane
Breimsbygda og Tambarskjelvar henta heile fem gull, tre sølv og to bronse heim frå NM i vektløfting for ungdom på Jæren i helga. I tillegg vart Julia Jordanger Loen frå Breimsbygda beste løftar på jentesida, og sette ny norsk rekord. Ragnar Holme frå Tambarskjelvar vart beste løftar på gutesida, også med nye norske rekordar.
2018-11-04 16:40:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gull, sølv og bronse i handbakNRK Sogn og Fjordane
Handbakklubbane i Jølster og Lærdal briljerte under nordisk stemne i handbak i Trondheim i helga. Ottar Berg og Raymond Lillemo frå Jølster tok kvart sitt gull, og Jørn Frivik tok sølv. I tillegg henta Lærdal heim to medaljar. Bård Grindheim tok sølv, og Njål K. Golf tok bronse.
2018-11-04 15:43:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gjekk amok på utestadNRK Sogn og Fjordane
Ein sunnmøring i 20-åra gjekk amok då han vart kasta ut frå ein utestad i Nordfjord i juli i år. No må han betale 8.000 kroner i bot. Mannen trua med å drepe vaktene og kasta solbriller og slippersar etter dei. Han velta også pyntegjenstandar og kasta rundt på jakkene til tilsette. Mannen har godteke bota.
2018-11-04 13:59:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fått lapp på døra? NRK Sogn og Fjordane
Politiet ber folk i Årdal om å vere merksame på lappar som heng på døra, eller som er festa i dørsprekkar. Dei har fått meldingar frå to i same bukompleks som har oppdaga dette. ? Det kan vere ein framgangsmåte for å sjekke om nokon er heime. Det er ikkje sikkert at det er tilfellet, men det er alltid greitt å tenke over det, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen.
2018-11-04 12:40:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tilbake i drift kl. 13NRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Stårheim-Isane er tilbake i drift frå kl. 13, melder Fjord1. Sambandet har vore innstilt på grunn av sterk vind.
2018-11-04 12:23:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tøff debut for vektløftarNRK Sogn og Fjordane
Ine Andersson frå Tambarskjelvar Idrettslag fekk ein tøff debut under sitt første VM i vektløfting for seniorar. Ho starta konkurransen bra med å klare rykk på 77 kg og 80 kg, men tredjeforsøket på 82 kg blei for tungt. Andersson plasserte seg på ein 6.-plass i klasse 59 kg.
2018-11-04 11:02:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstilt ferjesambandNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet mellom Stårheim-Isane er innstilt på grunn av kraftig vind, opplyser Fjord1.
2018-11-04 10:12:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bulka eit biltakNRK Sogn og Fjordane
I Florø hoppa ein mann i 20-åra opp på ein parkert bil og lagde bulkar i taket, melder Vest politidistrikt. Eigaren av bilen vil melde hendinga til politiet.
2018-11-04 09:06:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mistenkt for promillekøyringNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra er mistenkt for promillekøyring i Olden. Mannen blei tatt med til lege for blodprøvetaking, opplyser Vest politidistrikt. Det blir oppretta sak på hendinga.
2018-11-04 09:01:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tomme for vaksinarNRK Sogn og Fjordane
Legekontoret i Sogndal er tomme for influensavaksinar. Folkehelseinstituttet melder om generelt stor pågang i heile landet. ? Vi pleier ikkje gå tomme så tidleg, men det er positivt at fleire vaksinerer seg enn tidlegare år, seier kommuneoverlege Jan Ove Tryti i Sogndal. Legekontoret får inn 180 ekstra vaksinar til veka.
2018-11-04 08:09:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trua politiet med vald NRK Sogn og Fjordane
Ein sunnfjording i 70-åra trua den lokale tenestestadsleiaren i politiet med vald om dei trefte på kvarandre. No har mannen godteke ei bot på 6.000 kroner etter hendinga i april i år.
2018-11-03 21:05:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Solid heimesigerNRK Sogn og Fjordane
Herrelaget til Førde Volleyballklubb leverte ein solid heimekamp mot ToppVolley Noreg. Dei vann enkelt 3?0 i kveldens kamp i Førdehuset, og hadde med det ei god generalprøve til europacupen neste veke.
2018-11-03 19:11:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Avslutta med stortapNRK Sogn og Fjordane
Damelaget til Kaupanger avslutta sesongen med eit brak borte mot Åsane. Vertane blei fleire hakk for sterke og kampen enda 5-1 til bergensarane. Med sine 27 poeng landa Kaupanger på ein niandeplass i 1. divisjon.
2018-11-03 17:42:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fare for underkjølt regn NRK Sogn og Fjordane
Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om vanskelege køyreforhold i Sogn og Fjordane. Frå laurdag til søndag kan det bli glatte parti på vegane på grunn av underkjølt regn. ? Tilpass farten etter forholda. Det kan fort slå om, seier trafikkoperatør Roger Nedberge Hille.
2018-11-03 16:31:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bondevik Lie er skuffa over KrFNRK Sogn og Fjordane
Fylkeslagsleiar Beate Bondevik Lie (t.v.) synest KrF si avgjerd om å gå til Høgre er trasig. ? Eg er kjempeskuffa. Det er problematisk at ein så enkelt kan bryte valløftet om å ikkje gå i regjering med Frp. Det har ikkje blitt problematisert nok, seier ho.
2018-11-03 13:24:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ewos-saka skal opp i lagmannsrettenNRK Sogn og Fjordane
Ankesaka i den mykje omtala Ewos-saka skal opp i Frostating lagmannsrett over nyttår. I tingretten blei tre menn, blant dei ein sunnfjording i 50-åra, dømd til fengsel for mellom anna korrupsjon. Ein tidlegare leiar i fiskefôrgiganten fekk fengsel i fire år. Dei to andre fekk fengsel i to år og tre år og seks månader. Alle anka dommen, og det er sett av nær to månader til ankesaka.
2018-11-03 12:37:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal vurdere Fv. 8 i dagNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 8 mellom Oppedal og Bjordal i Høyanger er framleis stengt etter raset som gjekk laurdag kveld. Ein geolog skal vurdere rasstaden i løpet av laurdag. Det opplyser vegtrafikksentralen.
2018-11-03 11:33:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Anders Mol fekk volleyballprisNRK Sogn og Fjordane
Fredag kveld fekk sandvolleyballspelaren og halvt sunnfjording Anders B. Mol prisen «Kings of the beach», saman med lagkompis Christian Sørum. Prisen fekk dei under Det Europeiske Volleyballforbundet sin galla i Budapest. Sist Noreg vann ein slik pris var i 1997.
2018-11-03 11:12:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bronse til gamalost frå VikNRK Sogn og Fjordane
Gamalost frå Vik vann bronse i Oste-VM i helg ? i konkurranse med 3400 andre ostar. Osten stammar frå vikingtida og har lange tradisjonar. Meieristyrar ved Vik meieri, Øydis Kristine Flateby, synest det er stor stas at gamalosten blir sett pris på.
2018-11-03 09:39:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Næringsliv i balanseNRK Sogn og Fjordane
747 heilt arbeidsledige i Sogn og Fjordane er 29 færre enn på same tidspunkt i fjor. Fylket har den lågaste arbeidsløysa i landet. NAV-direktør Tore Thorsnes, meiner næringslivet skal ha sin del av æra for at arbeidsløysa er så låg.
2018-11-03 08:45:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stakk av frå politiet NRK Sogn og Fjordane
Ei sunnfjordkvinne i 50-åra må betale 15.000 kroner i bot. Kvinna køyrde varebil då ho med ein promille på 0,52 nekta å stoppe for politiet i ein kontroll ein fredagsmorgon i juni i fjor. Ho må også klare seg 12 månadar utan førarkort.
2018-11-02 22:38:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Pasient fekk sein behandlingNRK Sogn og Fjordane
Fylkeslegen i Sogn og Fjordane kritiserer behandlinga ein pasient fekk ved eit omsorgssenter i Vågsøy kommune i juli. Behandlinga var ikkje fagleg forsvarleg, skriv fylkeslegen i sin konklusjon. Mannen hadde symptom på slag, men helsepersonell oppfatta ikkje dette og han blei lagt til å kvile. Det tok mellom ein og ein halv til to timar før ein lege vart kontakta.
2018-11-02 21:46:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må betale dyrt for overlastNRK Sogn og Fjordane
Ein norsk sjåfør må betale 30.100 kroner i bot for overlast, melder Statens vegvesen. Vogntogsjåføren blei stoppa under ein kontroll på Håbakken i Lærdal, og måtte laste om før han fekk køyre vidare.
2018-11-02 20:12:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kan krone seg med ny tittel NRK Sogn og Fjordane
Selskapet Tibber er i dag kåra til «Årets Gründer 2018» i Sogn og Fjordane. Pengepremien er på 100.000 kroner. Tibber er ein app som handlar straum når prisane er lågast. Edgeir Vårdal Aksnes, som er dagleg leiar, seier dei allereie i gang med å utvide bedrifta.
2018-11-02 19:08:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Øyvor Bakke.
2018-11-02 18:39:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tatt med smuglarkjøt og narkoNRK Sogn og Fjordane
680 kilo ulovleg importert kjøt frå Sverige og det narkotiske stoffet qat har gjeve to menn til saman 17 000 kroner i bot. Dei to er frå bergensområdet. Mennene har godteke bøtene for brot på tollova og legemiddellova.
2018-11-02 17:07:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Seks søkjarar til Kinn kommuneNRK Sogn og Fjordane
Seks søknadar har kome inn til stillinga om å bli assisterande rådmann i Kinn kommune, skriv Firdaposten. Blant desse er noverande rådmann i Flora, Knut Broberg, ein oljekonsulent, ein planner, ein direktør, ein sikkerheitssjef og ein konfidensiell søkjar som har søkt på stillinga.
2018-11-02 15:39:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ikkje bryte valløfteNRK Sogn og Fjordane
Fylkesleiar Beate Bondevik Lie i Sogn og Fjordane meiner KrF bør gå mot Ap og Sp. Ho peikte både på abortlova, landbruks- og regionspolitikken som årsaker i sitt innlegg på landsmøtet. ? Dessutan var det eit løfte vi gav i valkampen, at vi ikkje skulle i regjering med Frp. Å bryte det løftet trur eg ikkje er ein god ide.
2018-11-02 14:12:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil bli første Ap-ordførar på 30 årNRK Sogn og Fjordane
Per Are Flåm (50) ønskjer å bli første Arbeidaparti-ordføraren i Aurland på 27 år. Han er innstilt som ordførarkandidat. Han har vore aktiv i politikken i 11 år, og jobbar til dagleg som anleggsleiar i Baneservice AS. Vallista blir avgjort på nominasjonsmøte i slutten av november. Førre Ap-ordførar i Aurland var Osvald Turild som sat frå 1986 til 1991.
2018-11-02 12:51:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sognefjellet opeNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 over Sognefjellet er opna att etter uvêr, men er framleis nattestengd frå klokka 20 i kveld til klokka 8 laurdag morgon.
2018-11-02 09:35:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lund StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.